Nyhed
august 19, 2015Kommunereforma – eit psykologisk eksperiment
Bildet: – Det er kommunikasjon og psykologi som definerer om samanslåinga blir vellykka, seier f.v. Rune Schanke Eikum og Anders Løn Tvedten i Geelmuyden Kiese.
Fusjonar er vanskelige, og når sjeldan sitt fulle potensial. Då Nav-reforma nylig blei evaluert av Uni. Research kom dei fram til at reforma i beste fall kan føre til ei betring for Nav over tid. Den har vart sidan 2006. Vi får håpe på betring i 2050. Men kva med Noregshistorias største fusjon – kommunesamanslåingane? Kor lang tid vil fusjonen bruke på å føre til ei betring for innbyggjarane i kommunane?
Krig i bygde-Noreg
Debatten har den siste veka rast i nasjonale media. Ekspertane kallar kommunanes sonderingar for «skinnprosessar», og Arbeiderpartiet og regjeringa kranglar om korleis den bør gjennomførast. Kvifor bring denne debatten fram så mykje følelsar – både hos politikarar og borgarar?
Grunnen er at kommunen din er ein av dine viktigaste identitetsmarkørar. Kor du kjem frå definerer kven som er dine vener og fiendar. Ta eitt lokaloppgjer i 6. divisjon. Middelmåtige fotballkunstar, men det er alltid mange som samlas for å sjå naborivalen bli knust. Røde og gule kort flagrar. Det er det næraste ein kjem krig i bygde-Noreg. Klart identitet spelar ei rolle.
Kva konsekvensar vil motstridande identitetar og kulturforskjellar få for gjennomføringa av reforma?
Identitetslause borgerar
Teoriane innan endringsleiing viser at kulturforskjellar har øydelagt mang ein fusjon. Ein av dei mest kjende gruppeteoriane, sosial identitetsteori, gjev oss noko av forklaringa. Når to sterke motkulturar møtast startar kampen om å definere den nye kulturen. Det blir «dei mot oss». Maktkampar fører til vinnarar og taparar, og konfliktane mellom dei ulike partane påverkar alle involverte. Dersom ikkje ein kultur vinn fram eller ein finn eit minste felles multiplum, vil ein i verste fall ende opp med tap av identitet for dei involverte.
For innbyggjarar starter misnøya, usikkerheten, frustrasjonen, demotivasjonen. Produktiviteten i kommune-Norge vil nå eit nytt lågmål. Sjukefråværet stig til himmels, og identitetslause borgarar og ordførarar spring rundt på leiting etter tryggleiken og tilhøyrsla dei treng. Har du tenkt på dette, Jan Tore Sanner?
Det kan bli et helvete.
I Syden er det håp
Heldigvis viser sosial identitetsteori at folk har mange ulike sosiale identitetar. Vi er både nordmenn, Vestlendingar, og Eidarar. I jungelen i Kambodsja er den sosiale identiteten som nordmann den definerande. Bygda di blir sekundær. I Syden er det stas å møte ein frå nabokommunen din.
Det er kommunikasjon og psykologi som definerer om samanslåinga blir vellykka. Det må settas fokus på det som er felles i kulturane, og ein må jobbe hardt med å synliggjøre og sannsynliggjøre fordelane med samanslåinga. Kanskje må ein skape seg nye fiendar på eit høgare nivå enn det nabokommunen er. Blir fylkeskommunen no den store slemme ulven? Naboregionen? Paven?
Fleire har sagt at leiarane for kommunane må tenke på det felles beste for Noreg. Ein av dei siste i denne rekka var vår leiar Hans Geelmuyden. Vi meiner det i fyste rekke handlar om å sjå det felles beste for kommunane som slår seg saman, deretter for Noreg som heilhet. Det handlar om å behalde identiteten til innbyggjarane, og berre om kommunane ser at deira identitet ikkje er bestemt av kor administrasjonssentrum i storkommunen ligg vil vi sjå positive resultat av reforma innan rimelig tid.
Hittil har berre tre kommunar søkt Jan Tore Sanner om samanslåing. Konstellasjonen av Sandefjord, Andebu og Stokke fikk det treffande namnet SAS. SAS er klare til å ta av. Vi heiar på dei og håpar dei finn det dei har felles. Ei krasjlanding er aldri pent.
Anders Løn Tvedten – Konsulent Geelmuyden Kiese
Rune Schanke Eikum – tidligere konsulent Geelmuyden Kiese