Nyhed

februar 19, 2015

Kvardagskreativitet, miljøskapt ADHD, og eit tips til Hans Geelmuyden

Eg snakkar ikkje om den store kreativiteten. Ikkje løysingar ein tar patent på. Men løysingar som skapar fornøgde kundar, god kommunikasjon, positive endringar. Eg kallar det kvardagskreativitet. Men det kan vere krevjande å være kvardagskreativ i vår arbeidskvardag.
Som alle andre bedrifter i vår bransje har vi opne kontorlandskap. Fleire prosjekt går parallelt. Korte fristar. Hundrevis av e-postar kvar dag. Blindkopi her, vanlig kopi der, av og til også ein e-post som faktisk må svarast på. Kollegaer spør stadig om eg berre har «to sekund». Og ja, eg spør gjerne tilbake, og avbryt deira arbeid.
Oppsida er eit stimulerande arbeidsmiljø med mykje liv, godt humør og spennande diskusjonar som engasjerer. Realiteten er også at dette er eit kognitivt krevjande miljø å vere tilstade i. Mange kjenner seg nok igjen i desse intense miljøa med lange dagar, høgt tempo, fleire oppgåver på same tid og store prestasjonskrav. Forsking viser at for mange er resultatet av dette ei oppleving av at ein er overarbeida; ein misser kontrollen, slit med konsentrasjonen og hoppar dermed frå oppgåve til oppgåve.
Psykiateren Hallowell kallar dette for miljøskapt ADHD. Føler du deg treft? Det gjer eg.
 
«Attention-deficit trait» og kvifor det er eit problem
«Overloaded Circuits: Why Smart People Underperform», Hallowells HBR artikkel frå 2005, viser til konseptet «attention-deficit trait» (ADT). Dei moderne kontormiljøa vi jobbar i gjer oss ukonsentrerte og lett distraherte, seier han, dei gjer at vi slit med indre uro og stress, og at vi generelt er utålmodige. Dette hemmar evna vår til å ta val, kreativiteten og kvaliteten på arbeidet, og kan også påverke den psykiske helsa negativt. Overlappinga med ADHD-symptoma er altså store.
Hallowell viser til korleis ein kan innføre «tenke tid» i kvardagen. Sjølv synes eg det viktigaste er korleis du kan gjere nokre enkle strukturelle endringar i din arbeidskvardag for å bli meir kreativ og produktiv. Eg tykkjer dei to professorane Elsbach og Hargadon er inne på noko med konseptet «mindless work». «Mindless work» legg nemlig til rette for kvardagskreativiteten.
 
Tankelaust arbeid og kvardagskreativitet
Det er eit stort misforhold mellom miljøet vi arbeidar i og krava til kreativitet. Som Elsbach og Hargadon seier; «arbeidskontekstar som har kronisk høgt arbeidspress har vist seg å vere spesielt skadelig for kreativiteten». Dei ser på korleis ein kan systematisere ein arbeidsdag for å legge til rette for kvardagskreativiteten.
Deira resept er eigentlig ganske enkel: Innfør faste arbeidsøkter med produktivt arbeid som er lite kognitivt utfordrande og med lave prestasjonskrav. Desse øktene bør vere tidsspesifikke for å redusere krav til prestasjon, og på minst ein halvtime. Dei gjer best nytte når dei er mellom kognitivt krevjande oppgåver med stort tidspress. Jo oftare jo betre, gjerne daglig.
Vi har alle slike arbeidsoppgåver. Det kan vere å rydde innboksen eller kontorpulten nokre gongar i veka, eller å sette av tid til å skrive reiserekningar eller føre timar ei økt i ny og ne. Det kan vere å skaffe seg oversikt over viktige bransjenyhende. Elsbach og Hargadon fortel om korleis grunnleggaren av South West Airlines, Herb Kelleher, jamleg jobba på bagasjebandet på flyplassane. «Leiing ved å være tilstade» kalla han det. Eg kallar det god leiing.
Resultatet av slike strukturerte økter er høg kognitiv kapasitet, mindre indre uro og ein positiv mestringsfølelse. Det gjev hjernen den pausen den treng for å vere kreativ. Og, det kan vere eit av fleire virkemiddel for å prestere i krevjande arbeidsmiljø der den miljøskapte ADHD-en pressar seg på.
Neste veke skal eg pakke 120 vareprøver med sjampo til ein pressekonferanse. Forhåpentlegvis ser Hans G. verdien av dette innlegget og slenger seg med.
 
Er du interessert i å lære meir om korleis du kan jobbe systematisk med kreativitet på din arbeidsplass? Ta kontakt med Rune eller Helena for foredrag, kurs eller en kopp kaffi.  
 
Kjelder:
Elsbach, K. D., & Hargadon, A. B. (2006). Enhancing creativity through “mindless” work: A framework of workday design. Organization Science, 17(4), 470-483.
Hallowell, E. M. (2005). Overloaded circuits. Harvard Business Review, 11. (http://www.integrity-plus.com/eStore/WP/overload%20circuitsR0501Ef2.pdf)
Mumford, M. D. (Ed.). (2012). Handbook of organizational creativity. Academic Press.