Nyhed

januar 21, 2013

LADEJARLEN

— Kva er din profesjonelle vurdering av Ola Borten Moe som kommunikator, Geelmuyden?
— Terningkast fem! Eg er sterk tilhengjar av dialektikk og open debatt og elskar metoden til Borten Moe. Eg skulle ønske fleire i regjeringa var som han. Ein indikasjon på at han gjer ein god jobb, er at Arne Strand i Dagsavisen blir irritert.
— Kva er det ved metoden som imponerer?
— Ola Borten Moe etterfølgjer to partikollegaer som statsråd i Olje- og energidepartementet, Åslaug Haga og Terje Riis-Johansen, som begge trudde dei var miljøvernministrar. Borten Moe gjorde ein realitetsorientering då han tiltredde. Kommunikasjonsmessig er eit av mine store augeblink med Borten Moe då han beit hovudet av Frederic Hauge i Bellona. Det var ein fest og ein fryd.
— Greier Borten Moe å nå ut til fleire enn nisjeveljarane til Senterpartiet?
— Far min heiste flagget i 1965 då dei borgarlege vann valet, og Per Borten blei statsminister. Eg var åtte år og fekk høyre på dei vaksne som sat og prata. Ein av kameratane til far spurte om det verkeleg var noko å feire at Høgre skulle i regjering med Senterpartiet. Far min sa at Sp-folk er sjølvstendig næringsdrivande, så det måtte jo vere noko godt i dei! Eg oppfattar at Ola Borten Moe høyrer til den delen av Sp som er oppteken av verdiskaping og næringsdrift, og han torer å snakke om det.
Hvis du vil lese resten av intervjuet, kan du klikke på denne lenken:
http://www.nationen.no/2013/01/19/politikk/pr/kommunikasjon/ola_borten_moe/sp/7910703/
Hold fast og hold ut!
Hans