Hemmelegheita om Sogn og Fjordane

Vebjørn Varlid Konsulent

Næringslivet i Sogn og Fjordane gjer fylket fortent til kallenamnet framtidsfylket. Kvifor er dei gode historiene frå næringslivet i fylket ein hemmelegheit utanfor fylkesgrensene? 10. april inviterer vi til kommunikasjonsfestival i Sogn og Fjordane.

Illustrasjon: Fredrik Edén

Sjå her for meir informasjon om kommunikasjonsfestivalen, og trykk her for å melde deg på kommunikasjonsfestivalen.

Eg er frå Førde i Sogn og Fjordane. Når eg fortel dette utanfor fylkesgrensene er ofte responsen «du er altså sogning».

Nei, alle frå Sogn og Fjordane er ikkje sogningar. Eg har berre godt å seie om sogningar. Dei er best i fylket på å byggje merkevare, men eg er sunnfjording. Heller ikkje nordfjordingar er sogningar. Kunnskapen om fylket vårt stoppar i for stor grad på fylkesgrensa.

Eit døme på dette opplevde eg når eg kom inn i treningsmiljøet i Oslo. Heime på vektlyftarrommet i Naustdal var det største komplementet ein kunne få at ein var «jevlige». Når eg kom til Oslo og prøvde å skryte av lyfta til treningskameratane mine fekk eg fornærma blikk og spørsmål om eg tykte dei var «jævlig dårlig» tilbake. Etter mange bolsehistorier har eg no fleire treningskameratar som slår seg godt på brystet av å verte kalla «jevlige». At kunnskapen om honnørord frå vektlyftarrommet i Naustdal er dårleg i Oslo må seiast å vere forståeleg, men det er verre at kjennskapen til verdiskapinga i Sogn og Fjordane er mangelfull. Verksemdene i Sogn og Fjordane utviklar avanserte skip, eksklusive klede, kvalitetsmat, rein kraft og lagrar enorme mengder data i fjella. Med høg kompetanse og sterkt innovasjonsfokus vert det skapt enorme verdiar. Likevel er det for mange berre nasjonalromantiske assosiasjonar som dukkar opp når Sogn og Fjordane vert nemnt.

Ein som ikkje kjente til verdiskapinga var Robert Steen, finansbyråd i Oslo. I fjor uttala Steen at Oslo var meir skikka til å ha offentlege arbeidsplassar enn Sogn og Fjordane. Då vart Steen verbalt fillerista av Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune. Bjørlo viste til all kompetansen i fylket og kva verdiar næringslivet skaper. Til stor applaus frå sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar. Over eit år etter innlegget vart publisert vert det stadig delt på Facebook, og gjev trafikk til lokale nettaviser. Debatten før Bjørlo sitt innlegg viser at vi treng meir historieforteljing om verdiskapinga i fylket, og engasjementet etter innlegget viser at vi ynskjer aktørar som lyftar fram verdiskapinga si.

I Geelmuyden Kiese brukar vi historieforteljing for å hjelpe verksemder med å auke sal, betre omdømme, realisere prosjekt, betre rammevilkår og etablere tydelege stemmer i den offentlege debatten. Vi veit at god historieforteljing skaper verdiar. Kiwi er eit døme på dette. Gjennom å fortelje historia si og utfordre bransjen har Kiwi gått frå å vere veslebror til å ha best omdømme i daglegvarebransjen.

Sogn og Fjordane er framtidsfylket. For å etablere dette for omverda må fleire verksemder i fylket fortelje historiene sine. Vise at dei er «jevlige». I Geelmuyden Kiese kan vi ikkje alt om Sogn og Fjordane, men vi kan kommunikasjon. Og vi veit at i Sogn og Fjordane finst det både sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar. Dessutan veit vi at ingen får vilja si om dei er usynlege. Skal du flytte makt, må du verte høyrt. Vi tar med ropert 10. april.

 

Vebjørn Varlid, konsulent