Nyhet

mars 1, 2018

Kommunikasjonsfestival i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har eit eventyr av eit næringsliv. Gründerar frå fylket utviklar avanserte skip, eksklusive klede, kvalitetsmat, rein kraft og lagrar enorme mengder data i fjella. 10. april inviterer vi til kommunikasjonsfestival, kor vi viser korleis god kommunikasjon kan hjelpe deg med å nå dine verksemdsmål. Det kan vere auka sal, betre omdømme, realisering av eit prosjekt, betre rammevilkår eller å etablere ei tydeleg stemme i den offentlege debatten.

Illustrasjon: Fredrik Edén

Har di verksemd ei utfordring? Meld deg på gratis rådgjeving med oss. Påmeldinga til kommunikasjonsfestivalen og rådgjevinga gjerast her: https://response.questback.com/isa/qbv.dll/ShowQuest?QuestID=5159652&sid=5NI5TvT40y

Vi er og tilgjengeleg for lengre møter onsdag 11. april.

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Dato: Tysdag 10. april, kl. 10:00-14:00

Fri inngong

Vel møtt til kommunikasjonsfestival i Sogn og Fjordane!

————————–————————–———–
Program

10.00-10.05 Velkomen ved Vebjørn Varlid og Kristina Furnes

10.05-10.20 «Det finst ei verd utanfor Oslo» ved Alfred Bjørlo og Anders Nyland
Utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå Oslo, til blant anna Sogn og Fjordane, utløyste debatt. Alfred Bjørlo, ordførar for Venstre i Eid kommune, trefte spikaren på hovudet når han fillerista argumentet om at Oslo er meir skikka til å ha offentlege arbeidsplassar enn Sogn og Fjordane med å vise til all kompetansen som finst i fylket. Bjørlo samtalar med Anders Nyland om debatten og kvifor mange manglar kunnskap om verdiskapinga i Sogn og Fjordane.

10.20-10.50 «Korleis verksemder i Sogn og Fjordane kan flytte makt» ved Svein Roger Selle, partner i Geelmuyden Kiese
Gjennom heile si karriere har Svein Roger Selle flytta makt. Det vere seg makt i form av auka sal, marknadsdelar eller gjennomslag for betre rammevilkår. No gjev han sine innspel til korleis organisasjonar i Sogn og Fjordane kan flytte makt i sin favør.

10.50-11.05 Pause

11.05-11.30 «Verdsmeister i innhaldsmarknadsføring: Korleis lære ein austeuropeiske trailersjåførar å køyre på vestlandsvegar?» ved Geir Ove Harnes og Anders Nyland
Arbeidstilsynet og Geelmuyden Kiese er nybakte verdsmeistrar i innhaldsmarknadsføring etter kampanjen «Mamma presenterer».

11.30-11.50 «Slik lærte ein vestlandsreiar Oslo-eliten om fiskeri» ved Kristina Furnes og Geir Ove Harnes
Under Arendalsuka 2017 nytta Pelagisk Foreining sin største arbeidsreiskap når dei lærte politikarar og næringslivet om realitetane i norsk fiskeripolitikk.

11.50-12.50 Lunsj

12.30-14.00 Gratis rådgjeving med kommunikasjonsrådgjevarar frå Geelmuyden Kiese
Foregår på rom utanfor konferansesalen.

12.50-13.20 «Frå priskrig til bakteriar. Korleis store og små bedrifter kan gjere suksess med PR» ved Geir Ove Harnes
Kiwi og med-tech bedrifta Decon-X har vist at både små og store bedrifter kan gjere suksess med PR. Nykelen til suksess ligg ikkje i størrelsen, men i historieforteljinga.

13.20-13.50 Korleis kommunisere effektivt i sosiale kanalar? ved Anette Johnsrud Rasmussen
Det er fleire fallgruver, men om sosiale kanalar verte brukt riktig kan dei vere ei bedrift sin mest effektive kommunikasjonskanal.

13.50-14.00 Takk for oppmøte ved Kristina Furnes og Geir Ove Harnes

14.00-16.00 Gratis rådgjeving held fram