Nyhet

februari 13, 2017

Grøn vekst av blå desperasjon

Foto: Stortinget
I desperasjon forsøke høgresida å feste merkelappar som «Trump» og «populisme» på Senterpartiet. Merkelappane treff dårleg. Senterpartiet sin framgang, med Trygve Slagsvold Vedum som primus motor, handlar verken om Trump eller populisme. Senterpartiet har medvind fordi dei svarar på dei utfordringane folk i distrikta oppleve, det vere seg sentralisering av politi- og helsetenester, auka avstand til lokalpolitikarar eller at ulv får vandre fritt rundt hushjørna. Senterpartiet har alltid stått på distrikta si side, sjølv når det har betydd 5,6 prosent oppslutnad. Det gjev partiet truverd innan distriktspolitikk, ein politikk som er aktualisert av regjeringa sine sentraliseringsprosjekt.
I tillegg får partiet hjelp av høgresida sin tenketank Civita. Civita vil skremme veljarar vekk frå Senterpartiet ved å hevde at partiet har Noregs strengaste innvandringspolitikk. Kritikken treff dårleg på eit solidarisk sentrumsparti. I tillegg verkar den mot si hensikt. Kritikken forsterkar inntrykket av at innvandringspolitikken vil liggje nokså stabilt enten det er raudgrøn eller blåblå regjering. Ein streng innvandringspolitikk har vore med på å sikre den byvennlege regjeringa eit visst fotfeste i distrikta. Når blåblå distriktsveljarar vert minna på at innvandringspolitikken ikkje er eit argument for å framleis vere blå, så freistar eit grønt parti som vil satse på heile landet. Dette ser ein når målingane vise at Senterpartiet hentar veljarar frå borgarleg til raudgrøn side.
Med høgresida sine feilslåtte merkelappar vil det jordnære sentrumspartiet fortsette veksten. Dette legg grunnlaget for ei raudgrøn regjering frå hausten av.